Salgskonsulent
Velle & Sjøli AS — SYKKYLVEN
Sted
SYKKYLVEN
Ansettelsesform
Fast · Heltid
Søknadsfrist
17/12/2026

Vil du utvikle deg innan sal og vere med på å skape vekst? Nordisk Webbyrå søkjer engasjerte salskonsulentar som vil byggje nye kunderelasjonar og skape vekst.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som er svolten på å lære, ønskjer å utvikle deg innan sal og ikkje er redd for ei utfordring. Du trivst med å ta kontakt med nye menneske, byggje relasjonar og jobbe målretta for å skape resultat.

Vi trur du vil passe godt hos oss dersom du:

Tek initiativ og tør å løfte telefonen for å starte ein samtale.

Er nysgjerrig på kundane og flink til å lytte til behova deira.

Jobbar sjølvstendig og strukturert, og følgjer opp det du har lova.

Taklar eit nei og held motivasjonen oppe.

Er open for tilbakemeldingar og ønskjer å bli betre.

Vil bidra til eit godt samarbeid og vekse saman med Nordisk Webbyrå.

Erfaring frå sal eller kundeservice er ein fordel, men motivasjon, lærevilje og ei positiv innstilling er minst like viktig.

Arbeidsoppgaver

Som salskonsulent i Nordisk Webbyrå får du ansvar for å oppsøkje nye kundar, byggje relasjonar og følgje opp salsprosessen frå første kontakt til inngått avtale.

Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:

Kontakte potensielle bedriftskundar via telefon og e-post.

Kartleggje kundane sine behov for nettsider og digital synlegheit.

Booke og gjennomføre kundemøte, digitalt eller fysisk.

Presentere tenestene våre og vise korleis dei kan skape verdi for kunden.

Utarbeide og følgje opp tilbod i samarbeid med resten av teamet.

Halde oversikt over kundeaktivitetar og følgje opp aktuelle salsmoglegheiter.

Sikre ei god overlevering til teamet som skal gjennomføre prosjektet.

Vi tilbyr

Hos Nordisk Webbyrå får du høve til å utvikle deg innan sal og kunderelasjonar. Du blir ein del av eit mindre byrå der innsatsen din blir synleg, og der du kan vere med på å påverke den vidare utviklinga.

Vi tilbyr:

Opplæring i tenestene våre og korleis du formidlar verdien av dei til kundane.

Tett oppfølging og støtte i salsarbeidet.

Varierte arbeidsdagar med kontakt med bedrifter i ulike bransjar.

Moglegheit til å ta ansvar og utvikle deg i takt med byrået.

Eit miljø der initiativ, engasjement og nye idear blir verdsette.

Søk på stillingen »